Ål kyrkje er ei langkyrkje frå 1880 i Ål kommune i Buskerud fylke. Kyrkja vart oppført av Andreas Keitel etter teikningane for Nedstrand kyrkje.
Kyrkja vart ombygd i 1959 etter planar av arkitekt Frederik Konow Lund. Då vart det nygotiske interiøret i kyrkja totalt endra, og inventaret frå byrjinga av 1700-talet vart teke i bruk att. Koret fekk ein kopi av taket frå stavkyrkja, som hadde stått i nærleiken og vorte rive i 1880, altså same året som Ål kyrkje vart teke i bruk.
Gravkapellet vart teikna av Ole Stein og innvigd i 1947. I 1973 vart det gjort om til kyrkjestove.
Ål kyrkje er prostikyrkje i Hallingdal prosti.
[nn]