Den Norske Trikotagefabrik er ein tidlegare trikotasjefabrikk i Drammen, som blant anna produserte undertøy, golfjakker, gensarar, badedrakter, ytterklede, kjolar og metervare. Bedrifta hadde 100 tilsette i 1970, og produserte blant anna i merkevara Palmett.[nn]
Edvin Thorson jr. er ein tidlegare tekstilfabrikk i Oslo, som spesialiserte seg i helseundertøy, spesielt herre- og gutteundertøy, helsetrøyer og perforert undertøy i varemerket E.K.T.[nn]
Eva Fabrikker er ei tidlegare konfeksjonsbedrift i Bergen. Bedrifta heldt til på Laksevåg, og seinare på Solheim, og produserte underskjørt og underkjolar. I 1970 hadde firmaet 40 tilsette, og salskontor i Bergen, Oslo, Trondheim og Harstad, i tillegg til mykje eksport. Firmaet var leia av H. Akse, og var eigd av Akse-familien fram til nedlegginga i 1998.[nn]
Hylkje Ullspinneri er eit tidlegare spinneri på Hylke i Åsane, i Bergen kommune. Bedrifta var underleverandør til andre fabrikkar i området, som Salhus Væverier, og spann også garn av ull frå lokale bønder. Framstilling av garn til kunstvev og strikking, og seinare produksjon av "sjoddy" var noko av det bedrifta satsa på.[nn]
Linneväveri med produktion av olika textilprodukter, bland annat bordslinne i damast för dukning. Man använder sig även av jaquardteknik med hålkort för mönsterväv. Grundaren, Hjalmar Johansson, startade väveriet 1920 efter sin utbildning i Borås och efter några års anställning vid Stafnäs Ullspinneri som vävmästare 1918. Företaget drivs vidare som familjeföretag i fjärde generationen.[sv]
Fröja er ei tidlegare konfeksjonsbedrift med produksjon i Moss (frå 1932), Tvedestrand (1954-2016) og i Sverige. Hovudprodukta var korsett, hoftehaldarar og BH-ar.[nn]
Møre Trikotasjefabrikk er ei tidlegare konfeksjonsbedrift i Ørsta, Møre og Romsdal. Bedrifta produserte jente- og dameundertøy, silke- og ullstrømper, og på 70-talet også Crimplene-stoff. Varemerket til fabrikken var Konvall. Bedrifta hadde rundt 40 tilsette i 1950, og talet hadde auka til 100 i 1970.[nn]
Norsk tekstilbedrift med hovudkontor i Langevåg i Sula, Møre og Romsdal. Bedrifta har hatt produksjon av strikka plagg ved sin eigen fabrikk i Panevezyz, Litauen - UAB Devold - sidan 1998. Her produserer ein sportsundertøy, stillongs og ullgensarar i merinoull.[nn]
OBS! KulturNav er ikke fullt støttet av din nettleser. For korrekt funksjonalitet anbefales nyere Chrome, Firefox, Safari eller Internet Explorer 10 eller senere.