Stjørdal kyrkje er ei kyrkje i Kimen kulturhus i Stjørdalshalsen i Trøndelag. Kyrkja vart vigsla 30. august 2015.
Sjølve kyrkjesalen er rektangulær, altså langkyrkje, og har 240 sitjeplassar. Fondveggen er utsmykkka av Edith Lundebrekke, altarutstyret (i keramikk) er ved Beathe Lund Kristiansen og liturgiske møbel er formgjevne av Terje Hope.
Det er ikkje kyrkjegard ved Stjørdal kyrkje; ein nyttar kyrkjegarden ved Værnes kyrkje.
[nn]