Nord-Troms museum er eit desentralisert museum som har dei seks kommunane i Nord-Troms, Lyngen, Storfjord, Kåfjord, Nordreisa, Skjervøy og Kvænangen, som eigarar. Museet blei stifta 20. mai 1979. Vedtektene seier at Nord-Troms museum skal arbeide med kulturelle møte og brytingar i fortid og samtid, og at synleggjering av samisk og kvensk kultur er viktig.
Museet forvaltar 65 bygningar som er historisk viktige i eit område som i stor grad blei brent ned under andre verdskrigen. Nord-Troms museum har ei fotosamling på over 30 000 fotografi, som er tilgjengeleg på digitaltmuseum.no.
Hovudkontoret til museet er i Haltibygget på Storslett i Nordreisa kommune. Her har det ei fast hovudstilling, Møter, og utstillingslokale som viser ulike vandreutstillingar. Halti har også spesialrom som fotomagasin, gjenstandslaboratorium, verkstad og kontor for tilsette.
Hovudmagasinet til museet er i Flerbrukshuset i Burfjord i Kvænangen kommune. Her har museet ei samling på rundt 17 000 regionale gjenstandar som ikkje er stilte ut. Bygget har også utstillingslokale, behandlingsrom for gjenstandar og kontor.
[nn]