MiA – Museene i Akershus, eller MiA - Musea i Akershus, er nytt namn på Akershusmuseet som vart skipa i 1983.
MiA – Musea i Akershus, er eit kompetansesenter for musea i Akershus for å hjelpe til med konserveringstenester, vedlikehaldsplanar, fototenester, utvikling av utstillingar og pedagogiske opplegg, marknadsføringstiltak, felles meldingsblad for kulturminnevernet i fylket, og dessutan hjelp til arkivering og registrering. Dei 19 musea, 34 besøkssteda og to kompetansesentra ikring i Akershus inngår i MiA - Musea i Akershus som konsoliderte einingar, og er i dag Akershus fylke sin største kulturinstitusjon. Hovudadministrasjon held til i det tidlegare rådhuset til Skedsmo kommune, i Strømsveien 74 på Strømmen i Skedsmo.
[nn]