Andreas A. Wennberg (født 3. september 1869 i Överkalix i Sverige, død 18. januar 1918 i Ørsta) var fotograf på Ørsta frå om lag 1900.
Han var bror av fotograf Johan Henrik Wennberg. Budde i Ørsta ved folketeljinga 1900, men kan ha kome til staden frå Tromsø eit par år tidlegare, og hadde før det fotografert i Honningsvåg. Dreiv fotografverksemd fyrst der han leigde husvære, seinare i eit eige atelier som han tok over etter Jon Pedersson Bjørdalsbakke etter at han døydde i 1898. Fotograferte portrett og gruppe-/familiebilete. Verka også som frisør. Var medlem av DNGTO-losjen og startet barnelosje i Ørsta. I fråvær av slekt var Wennbergs gravferd ordnet av Losje Vaarljos i Ørsta. Ein bror skal ha kome frå Tromsø til hans gravferd.
[no]