5549 RØVÆR (Poståpneri) [no]
Other languages: 5549 RØVÆR (norwegian bokmål)
RØVÆR postopneri vart oppretta ved Kgl.res. 20.1.1887 med verksemd frå 1.7.1887 i postruta mellom Haugesund og Utsire. Poststaden låg i Skaarø herad, Ryfylke fogderi, under Haugesund postdistrikt. Sirk. 17, 6.7.1887.
Ved etablering av nye grupper av poststader blei postopneriet frå 1.11.1973 nemnt underpostkontor, Sirk. 41, 31.10.1973, og fekk seinare status av postkontor C, Sirk. 35, 10.12.1976.
Ved omgjering av postnummersystemet frå 1.3.1999 fekk postkontoret RØVÆR nytt postnr 5549.
Datostempel av 2-rings vanleg type blei sendt til RØVÆR i 1888.
(5517 / 5549)
Postopnere/styrare:
Osmund Gautesen 1.7.1887.
Aasa Gautesen 13.11.1899.
Landh. Sivert Mæøand 1.10.1917 (f. 1877, døydde 4.5.1945).
Bertha Mæland millombels frå 5.5.1945, fast 15.7.1945 (f. 1885).
Telefonstyrar Karsten Alstasæther 1.7.1958 (f. 1924).
Einar Meinich Brynjelsen vikar frå 16.9.1985, fast frå 1.12.1987 (f. 1926).
(?) (?) (?)
Den årlege postopnerløna var i 1887 kr 50,-, i 1895 kr 240,- og i 1903 kr 340,-. Postopneren fekk og nokre tillegg for fisketida i åra 1900 -- 1912.
Frå 1.7.1917 blei det gjeve eit millombels dyrtidstillegg med 50% av løna då.
Konvertert fra poststedsregisteret