Ivar Johannes Sivertsson Aarsnes (fødd 20. mars 1922 i Hjørundfjord, død 1. juli 1998) var gardbrukar, kioskeigar, fabrikkarbeidar og amatørfotograf i Hjørundfjord.
Han var son av Sivert Ivarsson Aarsnes (1887–1957) og Berta Edvardsdotter Aakre (1898–1983), og var det eldste av dei fire borna deira.
I 1956 gifta han seg med Randi Annlaug Kvalsvik (f. 1937). Året etter døydde faren brått, og han tok over gardsbruket Sjurgarden på Årsneset. Då paret tok over var det kyr på garden, men i 1973 gjekk dei over til sauehald. Frå 1966 til 1977 dreiv dei ein kiosk i sumartida, og etter kvart tok han seg arbeid på fabrikk medan kona dreiv gardsbruket og arbeida på ein møbelfabrikk. Dei fekk fire born.
Aarsnes fotograferte i heimbygda frå kring 1950.