Schak August Steenberg Bull (10. mai 1858–25. januar 1956), fødd og avliden i Bergen, var ein av dei viktigaste norske arkitektane i Noreg på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Han kom til å setje eit sterkt preg på Bergen med dei mange sentrale bygningane han teikna i denne byen, mellom anna det fyrste krematoriet i Noreg, på Møllendal søraust for sentrum av Bergen. Men mange av dei bygningane han hadde teikna i sentrumsområdet gjekk tapt i den store Bergensbrannen i 1916.
Schak Bull har òg sett spor etter seg ved å vere den fyrste leiaren av Bergens Likbrendingsforening, den fyrste foreininga i ei rørsle som hadde som mål å gjere kremasjon lovleg i Noreg.
Schak Bull var bror til statsråd Edvard Hagerup Bull, nevø av fiolinisten Ole Bull og søskenbarn til komponisten Edvard Grieg.
[nn]