Arbeidermuseet ligg i Sagveien 28 på Sagene i Oslo og er ei avdeling av Oslo Museum. Museet syner industri- og arbeidarsoga frå dei tidlegare industriområda langsetter Akerselva i Oslo, som var eit særs viktig område for den byrjande industrialiseringa av Noreg i 1840-åra, med vatnet frå dei mange fossane nedetter Akerselva som kraftkjelda. Museet ligg sentralt til i dette området, der mykje av det gamle bygningsmiljøet er teke vare på, mellom anna bygningane til to store tekstilfabrikkar. Men til liks med desse to tekstilfabrikkane og dei andre fabrikkane i grannelaget til museet, er dei aller fleste industriverksemdene langs Akerselva vorte nedlagde og bygningane teke i bruk til andre føremål, eller rivne og erstatta med nybygg.
Arbeidermuseet opna i juni 2013, og er innreia i lokale som ligg i den såkalla Apotekergården. Dette huset er i pussa teglstein i to og ein halv etasje, bygd i 1869-70 for apotekar Nicolai Lindgaard.
Muset har òg til framsyning for publikum eit 21 rutemeter stort husvære innreia etter skikken frå om lag 1920 i ein tømmerbygning frå 1848 i Sagveien 8, som foreininga Oslo Byes Vel eig. Dette huset vart bygd som arbeidarbustader for dåverande Graahs spinneri like i nærleiken.
[nn]