Allkunne, Marianne Granheim Trøyflat
Torleiv Bolstad var ein vidgjeten hardingfelespelar frå Øystre Slidre. Han vann fire landskappleikar og la ned ein formidabel innsats i folkemusikkmiljøet.
Torleiv Bolstad var fødd 25. oktober 1915 og døydde 10. februar 1979. Han voks opp på garden Bolstad i Øystre Slidre. Det var på stølsviddene han først vart kjend med felespelet. Stølsgrannen Torstein Rogne gav han den første musikalske innføringa, og etter kvart kom han i kontakt med andre kjende spelemenn. Ola Okshovd vart den store læremeisteren hans, og han fekk òg lære mykje av Sigurd Robøle og Knut og Syver Bolstad.
I 1940 vart han gift med Kjellaug Dale, og saman fekk dei to døtrer. Begge jentene døydde då dei var små, og foreldra bestemte seg i 1947 for å flytte frå Valdres til Oslo. Torleiv Bolstad livnærte seg i stor grad som snikkar, husmålar og handverkar. I tillegg til spelet sitt var han kjend for å lage vakre bruksgjenstandar av tinn og naturstein.
I Oslo var Torleiv Bolstad aktivt med i fleire lag og organisasjonar, som spelemann og instruktør. Mellom anna spela han fast for Bondeungdomslaget i Oslo (BUL) og leikarringen på Bygdøy. Han var òg leiar av ei samspelgruppe av valdresspelemenn i Oslo og for Laget for folkemusikk. Han var ein kjend deltakar på kappleikar og vann landskappleiken på hardingfele heile fire gonger, første gongen i 1946.
Torleiv og Kjellaug flytta etter kvart tilbake til Valdres. Her viste Torleiv eit uvanleg stort engasjement for det lokale folkemusikkmiljøet. Han var med både som utøvar, læremeister og pådrivar i ulike samanhengar. Ikkje minst var han aktiv i etableringa av Hilme-stemnet. Stemnet vart første gongen halde i 1960, og det er framleis ei populær og godt besøkt tilskiping i folkemusikkmiljøet. Då Bolstad gjekk bort, vart det uttrykt stort sakn og sorg frå mange kantar.
Spelet og mennesket bak
Torleiv Bolstad var oppteken av å lytte etter «det gode» i spelet hos andre. Spelet måtte ikkje alltid vere heilt korrekt om ein berre kunne høyre speleglede og eit personleg preg over det. «Han er så godt eit menneske, og det høyrest når han spelar», sa han ein gong om ein elev som fekk kritikk for feil i spelet sitt.
Samstundes var Torleiv Bolstad ein læremeister med eit skarpt blikk for detaljar. «Ingen har betydd meir for musikken min enn Torleiv Bolstad», skriv Elisabeth Kværne i heftet «På langeleik». Ho understrekar vidare at «Ved å lære oss langeleikspelarar å setje krav til oss sjølve, instrumentet og musikken vår, trur eg han meir enn nokon bidrog til å høgje nivået på langeleikspelet gjennom 70-åra.» Andre elevar Bolstad har hatt, som sidan har spela mykje, er mellom andre Jan Arne Sebuødegård, Geir Harald Fodnes, Oddvar Lie og Erland Joplassen.
Bolstad vert omtalt som ein varm og humoristisk mann. Han skildra det typiske valdresspelet som ein tonefarge som går over i det grå. Same kor lystig låtten er, så er der ein sår undertone, meinte han. Han skal òg ha uttalt: «Villskapen kjem fram i musikken for ein del. Det vart harde tak når det gjekk som likast i danselaget. Musikken er i grunnen slik, kastut og vill.» Sidan er det slått fast at denne karakteristikken òg i stor grad var treffande for hans eige spel.
Utmerkingar og innspelingar
Torleiv Bolstad vann fire landskappleikar på hardingfela si, i 1946, 1957, 1970 og 1971. I 1973 kunne han reise heim med Kongepokalen etter jubileumskappleiken i Laget for folkemusikk i Oslo. Bolstad vart utnemnd til æresmedlem i Øystre Slidre Spelemannslag og i 1978 også i Landslaget for spelemenn. Han fekk avisa Valdres sin kulturpris i 1970 og Valdres folkemuseum sin gullmedalje i 1975. Frå 1976 fekk han statens stipend for eldre, fortente kunstnarar, og i 1978 fekk han tildelt æresløn frå dei seks valdreskommunane.
Torleiv Bolstad spela inn til saman fem plater. Den han sjølv skal ha vore mest nøgd med, er «Feletona' oppunde´ Bitihød'n», frå 1977. Produsent var Sven Nyhus. På denne plata var det sju slåttar på kvar side, og det vart nytta heile seks ulike felestille. Dei andre platene han har vore med på, er «Ridderspranget», «Lyarlåttene i Valdres» og to plater i ein serie med folkemusikk produsert i 1970-åra, i eit samarbeid mellom NRK og plateselskapet RCA. I det store hardingfeleverket i serien Norsk Folkemusikk er det heile 58 slåttar etter Torleiv Bolstad.
Eit eige stipend er oppretta etter Bolstad, Torleiv Bolstads minnestipend. Stipendet vert årleg delt ut på Hilme-stemnet til ein utøvar under 25 år med særleg interesse og glød for folkemusikken.
Kjelder
Trygve Bjørgo: «Minneord», Tidsskrift for Valdres historielag 1979
Arnfinn Engen: «Torleiv Bolstad», Opplendingar som skapte framtid. Lillehammer 2005
Elisabeth Kværne og Valdres Folkemuseum: Utstillinga «Tølleiv». Fagernes 2015
Ingar Ranheim: Teksten på plateomslaget til Feletona´ oppunde´ Bitihødn, av Torleiv Bolstad. Oslo 1986
Status | Lagret av | Tidspunkt |
---|---|---|
Publisert | Ulf Bodin (KulturIT) | 29.11.2019 15:47:10 |
Godkjent | Tom Willy Rustad (Gudbrandsdalsmusea AS) | 19.11.2019 20:34:56 |
Til vurdering | Ulf Bodin (KulturIT) | 11.10.2019 12:13:00 |
root | 19.03.2024 21:35:16 | |
Frank Rolland | 14.04.2021 14:11:01 | |
Silje Cathrin Fylkesnes (Mjøsmuseet) | Mjøsmuseet (Museum) | 04.12.2019 14:45:29 |
Ulf Bodin (KulturIT) | KulturIT | 29.11.2019 15:47:10 |
Tom Willy Rustad (Gudbrandsdalsmusea AS) | Gudbrandsdalsmusea AS (Museum) | 19.11.2019 20:34:56 |
Status | Lagret av | Tidspunkt |
---|---|---|
Publisert | Ulf Bodin (KulturIT) | 29.11.2019 15:47:10 |
Godkjent | Tom Willy Rustad (Gudbrandsdalsmusea AS) | 19.11.2019 20:34:56 |
Til vurdering | Ulf Bodin (KulturIT) | 11.10.2019 12:13:00 |
Erstatt | Lagret | Lagret av |
---|---|---|
14.04.2021 14:11:01 | 14.04.2021 14:10:11 | Frank Rolland |
14.04.2021 14:10:11 | 14.04.2021 14:07:28 | Frank Rolland |
14.04.2021 14:07:28 | 14.04.2021 14:06:07 | Frank Rolland |
14.04.2021 14:06:07 | 14.04.2021 13:58:44 | Frank Rolland |
14.04.2021 13:58:44 | 14.04.2021 13:55:58 | Frank Rolland |
14.04.2021 13:55:58 | 14.04.2021 13:53:43 | Frank Rolland |
14.04.2021 13:53:43 | 14.04.2021 13:50:28 | Frank Rolland |
14.04.2021 13:50:28 | 14.04.2021 13:49:01 | Frank Rolland |
14.04.2021 13:49:01 | 14.04.2021 13:47:50 | Frank Rolland |
14.04.2021 13:47:50 | 04.12.2019 14:45:29 | Frank Rolland |
04.12.2019 14:45:29 | 29.11.2019 15:47:10 | Silje Cathrin Fylkesnes (Mjøsmuseet) |
29.11.2019 15:47:10 | 19.11.2019 20:34:56 | Ulf Bodin (KulturIT) |
19.11.2019 20:34:56 | 22.10.2019 10:31:57 | Tom Willy Rustad (Gudbrandsdalsmusea AS) |
22.10.2019 10:31:57 | 11.10.2019 15:15:41 | Ulf Bodin (KulturIT) |
11.10.2019 15:15:41 | 11.10.2019 14:13:00 | Ulf Bodin (KulturIT) |
11.10.2019 14:13:00 | 11.10.2019 12:13:00 | Ulf Bodin (KulturIT) |