Olaf Reppen (fødd 1. juli 1886 i Sogndal, død 1921) var fotograf.
Han vart fødd på garden Reppen i Sogndal, men som tolvåring flytte han til Austlandet. Då han var 18 drog han til Amerika og var der tre år, før han kom attende til Norge. Etter eit år ved Sogndal folkehøgskule, tok han til fotografilære hjå Otto Talle i Bergen. Her var han i omlag tre år, før han etablerte seg som fotograf i Sogndal, i 1912. Det ser ut som han her overtok ei verksemd som læremeisteren hans, Otto Talle, hadde drive. Denne verksemda dreiv han til han døydde i 1921.