Gamle Bergen Museum er eit friluftsmuseum som ligg i bydelen Sandviken i Bergen. Det er bygd opp rundt den gamle lyststaden Elsesro. Muséet opna i 1949 og er no ein del av Bymuseet i Bergen. Friluftsmuseet har bygningar frå 1700- og 1800-talet som er flytta frå ulike strøk i Bergen til dette området. Bygningsmassen består hovudsakleg av eit- og toetasjars tømmerhus med bordkleding og pannesteintak.
[nn]