Ænes Church (Norwegian: Ænes kyrkje) is a parish church of the Church of Norway in Kvinnherad Municipality in Vestland county, Norway. It is located in the village of Ænes. It is the church for the Ænes parish which is part of the Sunnhordland prosti (deanery) in the Diocese of Bjørgvin. The white, stone church was built in a long church design around the year 1200 using plans drawn up by an unknown architect. The church seats about 120 people.
Ænes kyrkje (Kirke) [no]
Other languages: Ænes kyrkje (norwegian bokmål)
Ænes kyrkje Ænes kyrkje er ei mellomaldersteinkyrkje med kort, nesten kvadratisk skip, og lågare og smalare kor, som også er tilnærma kvadratisk. Ænes kyrkje er truleg bygd på 1200-talet. Framom inngangen i vest står eit klokketårn i bindingsverk, som vart bygd til i 1869, då kyrkja vart sett i stand med blant anna nye og lågare tak. Tårnet erstatta eit tidlegare våpenhus. Kyrkja vart sett i stand i 1901, og i 1950-åra vart ho restaurert ved arkitekt Kristian Bjerknes.
Vestportalen er den einaste døropninga i kyrkja. Koret har tre vindaugsopningar, truleg frå mellomalderen, medan dei to vindauga i langveggen i skipet mot sør vart forma ut av Bjerknes på 1950-talet. Tidlegare hadde skipet eitt vindauge mot sør og eitt mot nord. Koropninga er i full breidd og høgd. Kyrkjerommet har ingen galleri. Preikestolen i renessansestil er frå kring 1630, og altertavla er gjeven til kyrkja av Peder Samsonsen Sundal i 1766. Biletmotivet på altertavla er Nattverden, spegelvendt måla etter eit koparstikk i Biblia Ectypa, utgjeven i 1695. Judas sit i framgrunnen til høgre, måla i mørkare fargar enn dei andre disiplane. Kjelder: Hoff, Anne Marta og Hans-Emil Lidén: Norges Kirker, Hordaland II, Oslo 2000 Langkyrkje bygd ca 1190-1200 i stein. Tilbygg i 1869. Altertavle: Nattverden, av Sap. Sundal 1766. Preikestol: Frå 1767. Orgel: Frå Norsk orgelfabrikk 1993. Kyrkjeklokker: 2 stk. Éi frå 1260 (Tyskland) og éi frå 1983. Kyrkjesølv: Kalk og disk. 2 store lysestakar i messing. Altarduk: Laga av Sofie Haugstveit i 1957. Ænes kyrkje er rekna for å vera den eldste kyrkja i Kvinnherad kommune og feira sitt 750 års jubileum i 1999. I samband med 750 års jubileet vart det gjeve ut eit Jubileumsskrift om Ænes kyrkje, forfattar til skriftet er Karsten Bjørke. Skriftet kan tingast på kyrkjeverjekontoret (53 48 31 00) Pris kr. 50.-