Arne Aas frå Nygarden i Os, Nord-Østerdalen (1933 - 2020) arbeida gjennom mange år som fotograf i Seljord. Aas er frå Østerdalen. Han utdanna seg til fotograf i København, og kom så til Skien for å arbeide hos Tor Roy Nyblin. I 1958 reiste han gjennom Telemark og såg at her måtte han finne seg ein heim. Hen blei gift med Signe Aas f. Brauti frå Kviteseid. Dei hadde i fleire år portrettstudio saman i Seljord. I 1992 vart Aas frilansar att, og har gjeve ut fleire bøker med eigne foto. Han mottok Seljord kommune sin kulturpris i 2017.
Det meste av biletmaterialet sitt har Aas gjeve til Vest-Telemark museum, fordi han ville at interesserte skulle få glede av dei kring sju tusen motiva.
- Fagre Telemark : perler i kultur og landskap. 1997. ISBN 82-520-4441-7
- Løyndomsfulle Setesdal. 2000. ISBN 82-520-3275-3
- Minne frå Telemark : memories from Telemark. 2009. ISBN 82-99634-07-6