Johan Magnus Nerbøvik (fødd 12. juli 1902 i Volda, død 1979) var fotograf på Volda frå 1924 til 1975.
Han var son av Johan Halvorsen Nerbøvik og Martha Vartdal. Gift i 1936 med Ingebjørg Ulla, datter av Severine og Karl Ulla. Dei fekk to søner og to døtrer. Utlært hos faren, overtok i 1924 den forretninga han hadde starta i 1898.
Målaren William H. Johnson, 1937. Fotografert av Johan Magnus Nerbøvik.Sonen Jostein Nerbøvik (1938 - 2004) har teke vare på arkivet, ca. 30 000 negativ, og gav i 2001 ut boka Løyndom og røyndom. To fotografar i Volda 1898-1979, ei bok om sin far og farfar sin verksemd som bygdefotografar i Voldasamfunnet. Boka utgjer bind 3 i serien Volda-soga 1800-1945