Victoria av Baden, eigentleg Sophia Maria Victoria, (7. august 1862–4. april 1930) var dronning av Sverige frå 1907 til ho døydde i 1930, gift med Gustav V av Sverige. Ho var svensk kronprinsesse frå 1881 til 1907 og norsk kronprinsesse frå 1881 til unionsoppløysinga i 1905.
Victoria vart fødd som prinsesse av Baden, som dotter av storhertug Fredrik I av Baden og prinsesse Louise av Preussen. Då Victoria gifta seg med den svenske tronarvingen Gustav, seinare kjend som Gustav V, vart ho kronprinsesse av Sverige og Noreg og hertuginne av Värmland. Victoria var oldebarn av den svenske kongen Gustav IV Adolf, og etterkomar av Gustav Vasa, noko som bidrog til å gjera henne populær i Sverige. Svigerfaren hennar Oscar II ville dessutan knyta sterkare band mellom Tyskland og Sverige, så ekteskapet var òg ein politisk allianse.
[nn]