Hilde Diesen (fødd 23. mai 1949) er ein norsk biletkunstnar, illustratør og forfattar.
Ho har utdanning innan teikning og måleri frå Fachhochschule für Design i Münster i Tyskland. Diesen debuterte på Haustutstillinga i 1979. Ho har halde fleire separatutstillinger i Noreg og i Tyskland og delteke på ei rekkje kollektive utstillingar. I 2000 gav ho ut ein biografi om Hanna Winsnes. I bøkene Utrolige Drammen, Kjære Lillehammer, Dikterhus og Hytteskogen har ho markert seg med sine karakteristiske husteikningar utført i tusj og akvarell. Diesen er busett i Drammen, og er medlem av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, Buskerud Bildende Kunstnarar og Tegnerforbundet.
Hilde Diesen var litteraturvekekunstnar under Litteraturuka i Drammen i 2009.
[nn]