Krans (norrønt kranz, frå lågtysk kranz) er ein ring laga av plantemateriale eller etterlikningar som kan brukast som dekorasjon eller symbol. Kransar kan hengast opp, leggjast på flatar eller brukast som hovudpryd.
Sidan antikken har kransar som laurbær-, oliven- og eikebladkransar spelt ei viktig symbolsk rolle. Laurbærkransen var knytt til guden Apollon medan eikebladkransen var knytt til faren hans Zevs. Olivenkransen blei gjeven til vinnarar i dei olympiske leikane. Etruskarane laga kransar av edle metall som gull, men med etterlikningar av plantar som eik, eføy, oliven, myrte, laurbær, kveite og vinranker. Herskarane deira brukte dei som kroner, ein skikk romerske magistratar vidareførte. Den romerske Tolvtavleloven frå rundt 450 f.Kr. omtaler ein tradisjon med gravkransar.
I moderne tid kan kransar brukast som dekorasjon som dekorasjonar til høgtider, som kornkransar til haustfestar, adventskransar til jul og advent, og til pynting av maistong. Dei kan òg leggjast på grav- eller minnestader for å æra avdøde.
[nn]