Torleiv Hannaas (14. juli 1874–19. november 1929) frå Hannås i Hornnes var norsk filolog og folklorist.
Han tok utdanning i vaksen alder: lærarskule, artium og etter kvart cand.phil..
Hannaas gjorde eit stort innsamlingsarbeid av folkeminne og målprøvar, men lite av det vart gjeve ut i hans tid. Han var statsstipendiat frå 1914 og professor i vestlandsk målgranskning ved Bergens Museum frå 1918. Hannaas skipa i 1921 Folkeminnesamlingi ved Bergens Museum, og var leiar (og einaste tilsette) ved samlinga. Han vart etterfølgd av Gustav Indrebø.
Han var leiar for Noregs Mållag 1926–29. Han var den fyrste redaktøren av høgnorskorganet Norsk Aarbok frå 1920 til han døydde, og har fått æra for å ha introdusert omgrepet høgnorsk i ein artikkel i 1922. Han omsette òg delar av sogelitteraturen til nynorsk. Torleif Hannaas si nynorske boksamling på om lag 2500 band vart kjøpt av Bergens museum i 1932. Hannaas samla på alt som fanst av nynorsk litteratur før 1929. Om boksamlinga vart det sagt at Hannaas «var kjent som en av Norges ivrigste og kunnskaps-rikeste boksamlere. Alt tidlig begynte han å samle på alle trykk på norske bygdemål og landsmål, og det blev hele livet det centrale i hans bibliofile interesser; men snart strakte disse sig ut til heleden eldre norske og danske litteratur. Han tok sitt arbeide grundig; besökte og ransaket næsten alle eldre trykkerier, små og store, i Norges land. På denne måte kom han i besittelse av en samling av ukjente og upåaktede trykksaker, hvis make ingen privatmann er i besiddelse av.»
[nn]