Johannes Bøe (17. januar 1891–1. februar 1971), vanlegvis kjend som Johs. Bøe, var ein norsk arkeolog, professor i Bergen frå 1942 til 1961. Han vart fødd i Ringsaker i Hedmark og døydde i Lillehammer.
Bøe vart cand. philol. i 1921 med avhandlinga Norske guldfund fra folkevandringstiden, og tok doktorgraden i 1931 med avhandlinga Jernalderens keramikk i Norge. I avhandlinga til doktorgraden gjev han ei velordna og grundig utgreiing og drøfting av kronologi, teknikk og geografiske variantar av dei leirkara (keramikken) frå eldre jarnalder som er funne i Noreg.
Frå 1921 var Johannes Bøe amanuensis, seinare konservator og understyrar ved Bergens Museums historisk-antikvariske avdeling. Frå 1942 var han styrar og professor i nordisk arkeologi ved museet, og frå 1946 professor på det nye Universitetet i Bergen, som museet då vart ein del av. Her var han sitt fakultets fyrste dekanus, og professor fram til han gjekk av med alderspensjon i 1961 og flytta til Lillehammer.
Bøe gjorde ei rekkje studiereiser i utlandet, og var i åra 1932 – 1950 generalsekretær for den internasjonale Congrès international des sciences préhistoriques et protohistoriques, som han reorganiserte etter andre verdskrigen. Han var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi og Selskapet til Vitenskapenes Fremme, der han var preses 1941–1942, æresdoktor ved universitetet i Glasgow og av fleire utanlandske arkeologiske selskap.
Johannes Bøe vart riddar av St. Olavs Orden i 1947, kommandør 1961, og var storriddar av den islandske Falkeordenen.
[nn]