Magnus Aaning (fødd 4. januar 1911 i Oppstryn, død 8. mai 1945 i Sunnylven) var fotograf med virke fleire stader i Stranda kommune og på Oppstryn.
Han var gift med Agnes f. Åsen. Gjekk i lære hos Lyslo i Sandane, truleg Helge Waldemarsen Lyslo. Han var ikkje berre ein avært god landskapsfotograf, men ein flink kunstmålar òg. Kona Agnes var fotograf òg; ho tok over forretninga og dreiv ho 3-4 år etter at mannen døydde. Kring 400 glassplater er bevart og er i forvaring hos Lars R. Lunde, Fotohistorisk arkiv Hornindal.
Aaning er registrert som verksam mellom 1930 og 1945 i Geiranger, Hellesylt, Synnylven og Oppstryn.