kypert
er ei av tre grunnbindingar innan veving. Kjenneteikn til kypert er at bindepunkta blir flytt ein tråd til sides for kvart innslag. Dette gjer at stoff i kypertbinding får diagonale linjer over heile vevnaden.
I ein likesida kypert går innslaget alltid under og over like mange trådar, medan ulikesida eller asymmetrisk kypert går for eksempel over tre og under éin tråd, det blir også kalla innslagskypert eller renningskypert.
I kypertbindinga blir ikkje trådane så ofte bundne som i toskaft og stoffet blir difor mjukare og meir elastisk.
Les meir i Store norske leksikon- renningskypert
- innslagskypert
- tekstil
- bunad
- veving
- Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006
- Sigurd Bretteville-Jensen: Studieplan i bunadkunnskap, 1979
- Kjelde: Gunvor Rognså
- Ulla Cyrus-Zetterström: Handbok i vävning, 1980