Bø Museum ligg på Oterholt i Bø i Midt-Telemark kommune. Det er ei eining under Telemark Museum og er samansett av landhandelen Aaheim med pakkhus, det gamle forsamlingshuset Polen, Åsestugo og eit utstillingslokale som viser fele- og folkedrakthistorie. Oterholt var den fyrste handelstaden og bygdesenteret i Bø, og ligg på veg til Liheia, akkurat der brua kryssar Bøelva. Aaheim blei bygd av handelskarane Halvor G. Sisjord (1865-1961) og Halvor H. Sønstebø. Dei kjøpte eigedomen Furuheim på Oterholt i 1896 og bygde straks forretningsgarden Aaheim der den gamle garveriverksemda Brua hadde legeKvennøya, ein gamal mølleplass som ligg eit steinkast frå den tidlegare handelstaden, høyrer også til Bø Museum og Telemark Museum.
[nn]