Johan Ludvig Losting (11. september 1810–31. mars 1876) var ein norsk målar, teiknar og litograf frå Bergen.
Losting var elev ved Tegneskolen i Christiania frå 1824 til -26. Han begynte som portretteiknar, men utdanna seg til litograf i Tyskland og laga ei rekke prospekt, portrett og anna for Georg Prahl sitt offisin i Bergen.
Til Carl Wilhelm Boeck og Daniel Cornelius Danielssen sitt store verk om leprasykja som kom i 1847, laga Losting 24 kolorerte litografiske plansjar etter akvarellar han sjølv hadde måla. År 1850 budde han ei tid i Paris. Med inntrykk derifrå illustrerte han Hudens sygdomme, eit verk av dei førnemnde to legane og som kom ut i tida 1855-62.
Losting arbeidde i tillegg som teiknelærar, ornamentteiknar, forgyllar, teater-, dekorasjons-, fane- og altertavlemålar. Han teikna dessutan ei mengd landskapsskisser under sine mange reiser i inn- og utland. Gjennom fleire ulike typar tillitsverv arbeidde han iherdig for kulturlivet i Bergen.
[nn]