Velle Nils Espeland (fødd 6. juli 1945 i Sør-Fron) er ein norsk folklorist, skribent, teikneserieomsetjar og dagleg leiar i Norsk visearkiv.
Espeland tok eksamen artium på Gudbrandsdal gymnas i 1964. Etter dette studerte han folkloristikk ved Universitetet i Oslo. Han leverte i 1974 ei avhandling, «Folkesong i Bjerkreim», for magistergraden, og same året vart han tilsett ved Institutt for kulturstudier. Der underviste han i 30 år, frå 1974 til 2003. Han har òg vore dagleg leiar i Norsk visearkiv sidan stiftinga vart skipa i 1983. Interessefelta hans her femner folkeviser, skillingsviser og balladar, i tillegg til arbeidssongar og songar for born.
Espeland har forfatta fleire artiklar og bøker om emna folkeminnevitskap og kulturhistorie. Emnet spøkjelse og liknande vesen er eit typisk emne for han, noko som viser seg gjennom barneboka frå 1999, Den store boka om spøkelse og faktaboka frå 2002, Spøkelse! Hvileløse gjengangere i tradisjon og historie. Han har òg arbeidd med omsetjing av teikneseriar som Sprint og Spiralis. Saman med broren sin, Gard Espeland, har han skrive tekst til julehefte som Smørbukk og Tuss og Troll.
[nn]