Vårdal Foto (Fotograffirma) [no]
Vårdal Foto (norwegian bokmål), Vårdal Foto (norwegian nynorsk)
Vårdal Foto vart etablert av Sigvald Vårdal (1921-2006) på 1960-talet. Sigvald Vårdal var rekneskapsansvarleg på Helle Fabrikker AS, og fotoverksemda vaks gradvis fram på 1960-talet. Kring 1966-67 vart Vårdal Foto formelt etablert som eige firma og Sigvald Vårdal gjekk av med tidleg pensjon for å jobbe heiltid som fotograf. Annfrid Vårdal, kona til Sigvald Vårdal, hadde også ein viktig rolle i firmaet. I og med at Sigvald Vårdal var fargeblind tok Annfrid Vårdal seg av alt mørkeromsarbeid. Annfrid Vårdal jobba som husstellærar fram til også ho, kring 1970, tok til å jobbe i Vårdal Foto på fulltid. Ekteparet dreiv firmaet i lag fram til det vart lagt ned i 2006. Fotografering på skulane i Askvoll kommune, samt i Bygstad, var ein viktig inntektskilde for firmaet i tillegg til anna portrettfotografering og oppdragsfotografering for private verksemder i kommunen.
Fotoarkivet etter Vårdal Foto vart i 2016 gitt i gåve til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Virkestad:
1966-2006: Holmedal, Askvoll kommune
Konvertert fra Fotografregisteret 2015.04.20