Johan Martinusen Lillerøvde (fødd 22. juni 1865 i Rovde, død 25. februar 1936) var fyrvaktar og fotograf.
Han står i folketeljinga 1900 som mekanikar ved torpedovesenet i Horten og ugift.[1] I folketeljinga 1910 er han gift med Ragna Lillerøvde (f. 1881), og bur med ho og tre døtrer på Holmengrå fyrstasjon i Fedje der han var fyrvaktar frå 1908 til 1914. Dei fekk i alt sju born.
I 1914 vart han fyrvaktar på Runde fyrstasjon i Herøy kommune i Møre og Romsdal, og der var han til 1929.
Han var aktiv som fotograf i Rovde, Volda og Vanylven omkring 1885, og signerte bileta «J. Lillerøvde».
- ↑ Johan Martinusen Lillerøvde i folketelling 1900 for Horten ladested fra Digitalarkivet.