Nils Torgersen Aastad (fødd 1858 i Vestre Slidre, død 1895) var fotograf.
Han var son av gardbrukar Torger Aastad. Overtok i 1881 den fotografforretninga som var starta av H.J. Ridste i 1879 i Jomfru Olsens Atelier, Apothekergaden 12b i Horten («Hr. Bonnevies forrige Atelier»). I 1888 flytte han til Apothekergaden 9 og dreiv der til han døydde i september 1895. I åra 1887-89 hadde han atelier i Christiania òg, og han hadde òg atelier i Holmestrand (muligens overteke av Louise Wold) ei stund. Etter at han døydde vart forretninga seld til Carl F. Peters, som hadde ho i eit år. I 1897 kom J. Moirée Breilann, som averterte at han som «Aastads Eftfl.» hadde teke over etter Peters, men han reiste frå Horten allereie i 1898.
Registrerte verkestader:
- 1881-1888: Horten, Apothekergaden 12b.
- 1888-1895: Horten Apothekergaden 9 og Holmestrand.
- 1887-1889: Oslo Skippergaden 32.