Aase Udberg (fødd 1919, død 21. februar 2004 i Årdal) var amatørfotograf og dataingeniør.
Ho var gift med Bjørn Udberg (1921–1955), som òg var amatørfotograf. Ho vart tidleg enke, då mannen i 1955 døydde i ei arbeidsulukke på Årdals verk der han var smelteverksmeister. Aase Udberg arbeidde også på smelteverket, der ho var dataingeniør. Etter at mannen døydde reiste ho mykje, og ho hadde ofte lysbildeforedrag om reisene i heimbygda. Det kunne vere artige samankoblingar, som då ho i 1971 stilte på Årdal pleieheim med eit foredrag om både påsken i Roma i 1970 og sommaren i Sogn.[1]
Mange bilete etter Aase og Bjørn Udberg ligg i Udbergsamlinga, som Årdal kommune eig. Dei er tekne mellom kring 1945 og 1965, og motiva er frå Årdal og omegn. I 2007 vart det sett i gong eit bevaringsprosjekt der ein plukka ut 2202 bilete frå samlinga som vart digitalisert og innlemma i Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sin fotosamling.
Den 21. februar 2004 omkom ho ei ei bilulukke i Årdal. Tre andre kvinner vart alvorleg skadd i ulukka.[2] Ho vart bisett frå Årdal kyrkje.
- ↑ «Passiaren» i Bergens Tidende 1971-02-04. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- ↑ «Trafikkoffer sendt til Haukeland» i Bergens Tidende 2004-02-23. Digital versjon på Nettbiblioteket.