Andres H. Kjerstein (født 28. august 1866 i Vang i Valdres, død 24. mai 1958) var fotograf i Vang i Valdres.
Han var odelsgut på garden Kjerstein i Vang. I 1900 reiste han til Amerika, og kom tilbake i 1906.[1] Han valde å ikkje overta garden, men etablerte seg som fotograf i staden. Fotograferte portrett, daglegliv, gardar, landskap m.m. Ved auksjonen etter Andres Kjerstein tok kjøpmann Endre E. Hollien over fotoapparatet hans og ei samling glasplatenegativar. Mange av bilda til Kjerstein vart brukt i Årbok for Valdres historielag 1982 og i Valdres bygdebok 1, bind A.
Andreas Kjerstein var gift med Ingeborg Reiersdotter (f. 1859).
- ↑ Se Anders Kjerstein i folketelling 1910 for Vang herred fra Digitalarkivet.