Kristianne Rasmusdotter Lødemel (fødd 1874, død 1944) var fotograf i Hornindal frå rundt 1912 til 1940.
Ho var gift første gongen med Peder Olai Andreas Pedersen Lødemel (1865–1915). I 1917 gifta ho seg for andre gongen med Peder Iver Ellingsen Kongsvik.
Kristianne Lødemel fotograferte rundt i heimane i Hornindal. Kring 800 av hennes glassplåter er oppbevart i Lars R. Lundes fotohistoriske arkiv i Hornindal.