Gullik Rua (født 1877, død 1931 i Gransherad) var gardbrukar og fotograf.
Han var son av Gullik Helleksson (1830-1904) og Martha Jonsdotter Buen (1849-84), og blei gift med Tora Eilefsdatter Christensen (1881-). Fotografyrket var ein bigeskjeft. Han hadde atelier heime på garden Rua, men reiste mellom mykje rundt og fotograferte i Telemark og Buskerud. Det finst bilete etter han frå Numedal, Heddal, Hjartdal, Sauland, Tuddal, Jondalen, Kongsberg, Eiker og Sandsvær. Sonen Jon Rua har teke vare på ca. 1000-1500 av faren sine plater.
I folketeljinga 1900 finn vi han som ugift gardbrukar og fotograf på Rua. Faren, som var enkemann, og to sysken budde hos han på garden.
Agnes Buen Garnås, Bø distriktshøgskole, har registrert samlinga i samband med ein særoppgåve. Oppbevart fotografiapparat, glassplater, fotoalbum etc. Buskerud Fylkesfotoarkiv har overteke denne samlinga av 920 glassnegativ (2009)