Nils Olsen Reppen (født 1856 i Sogndal, død 1925) var fotograf.
Han blei født på garden Reppen i Sogndal. Gift første gong med Synneva Pedersdotter (1857-1931), og andre gong i 1906 med Eli Jonsdotter Elvagjeng (1878-1945). Reppen emigrerte til USA for første gongen 13. juni 1882. Han jobba som fotograf i Browns Valley, Minnesota i 1880-åra. Eit udatert visittkortportrett med firmaadresse Morris, Minnesota er også kjend.
Reppen returnerte til Norge, uvisst når, for så å emigrere til USA att den 13.september 1895. I 1898 overtok Reppen det såkalla tårnhuset i Sogndalsfjøra, og ved folketeljinga i 1900 er han registrert som fotograf busett i tårnhuset. Han er ført som fråskilt, med ei dotter i huset.
I 1965 brann tårnhuset ned til grunnen. Mesteparten av Reppen sine glasplatenegativ gikk tapt i brannen. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane (fotoavdelinga) har 424 fotografi, i hovudsak glasplater, av N.O. Reppen. Samlinga består i hovudsak av fotografi med motiv frå Sogn og Fjordane, men inneheld også enkelte foto frå Trøndelag, Minnesota og Dakota. Fleirtalet av fotografia i samlinga er stereofotografi. Reppen var ein svært dyktig stereofotograf, og konstruerte motiv som gjorde maksimalt ut av djupdeopplevinga. Vik lokalhistoriske arkiv har også fotografi av Reppen.