Aanond Olavson Edland (født 24. april 1874 i Øvre Vinje, død 1940) var gardbrukar, postbud, bokbindar og fotograf.
Han var son av Olav Havradalen og Sigrid Kasti, og var gift med Kristi Flothyl, 3 barn. Etter landbruksskulen vart han gardbrukar, dreiv ei vadmålsstampe og tok på seg stamping for folk i grenda. Var også bokbindar. Men det var som fotograf han sette størst spor etter seg. Han var lenge stadens einaste fotograf og reiste rundt i bygdene og fotograferte. Ein del av fotoutstyret hans og ein god del plater og filmar finst enno. Mykje av det han fotograferte er i dag verdifulle kulturdokument som fortel om bygdesamfunnet i byrjinga av overgangen frå gammal til ny tid. Bileta hans var med på Vinje-utstillinga i 1977.
Verkestad:
- 1896 ca-1940: Vinje i Telemark