Otto Floor (fødd 1885, død 1942) var bokhandlar og fotograf i Stavanger.
Brørne Otto og Carl Floor dreiv bokhandelen Johs. Floors bokhandel og papirhandel i Kirkegaten 14, Stavanger, etablert 1846. Dei to var også ivrige medlemmar av Stavanger Turistforening, der Otto Floor var styremedlem i åra 1912-1925 og formann i åra 1925 til 1937.
Johs. Floors bokhandel og papirhandel produserte mange postkort frå om lag 1905 og framover, dei aller fleste med typiske bymotiv frå Stavanger, men også mange frå strendene på Jæren. Postkorta vart selde i bokhandelen. Det er grunn til å tru at det var dei sjølv, helst Otto Floor, som fotograferte til postkortproduksjonen. Han hadde òg eitFoto i Dreyers kalender 1935.