Hermann Dahl (født 17. mars 1858 i Vik, død 24. mai 1924 i Hølen) var fotograf.
Han var son av utskiftingsformann Jens Ferdinand Dahl. (1833–1893) og Ingeborg Wallem Wallace (1835–1899), og blei gift med Hanna Johannesen (1867-1929).
Dahl hadde først atelier i Bergen, og utvida seinare til filial i Dale og Ytre Arna dit han flytta omkring 1895. I folketeljinga 1891 for Bergen oppgir han å vere «Fotograf for eiga rekning». I 1916 opphørte forretninga, og han flyttet til Hølen, derr han seinare døydde.
Ein del av hans glasplater frå Bergen i 1890-åra eigast no av Billedsamlingen ved Universitetsbiblioteket i Bergen.