Norsk Polarinstitutt er ein statsinstitusjon med hovudkontor i Tromsø som utfører topografisk kartlegging omframt forvaltingsretta vitskaplege undersøkingar innan biologi, geologi, meteorologi og sjøisforsking i polartraktene, for det meste i norske interesseområde. Institusjonen gir også ut vitskapleg litteratur i seriane Polar Research, Skrifter og Meddelelser og i tillegg Polarhandbøker.
Norsk Polarinstitutt sender ekspedisjonar årleg til Svalbard og har leidd fleirårige ekspedisjonar til Dronning Maud Land i Antarktis, Maudheim 1949–1952 og Norway Station 1956–1960, i tillegg til fleire sommarekspedisjonar i ettertid. Ein multilateral avtale mellom Noreg, Sverige og Finland gir deltakarlanda påbod om å organisere ein Antarktisekspedisjon kvart tredje år der kvart av landa deltek og Norsk Polarinstitutt står for organiseringa av dei norsk-arrangerte ekspedisjonane. Institusjonen oppretta i 1989/90 forskingsstasjonen Troll i Jutulsessen, Dronning Mauds Land, som base for norsk forsking i Antarktis.
I 1993 vedtok Stortinget å flytte Norsk Polarinstitutt frå Oslo til Tromsø over ein periode på fem år. Institusjonen har avdelingskontor i Longyearbyen på Svalbard og heilårs forskingsstasjon med mannskap i Ny-Ålesund. Norsk Polarinstitutt har status som direktorat og er underlagt Miljøverndepartementet.
[nn]