Hilmar Eliseus Stigum (7. august 1897–12. september 1976) var ein norsk folkelivsgranskar (etnolog) og museumsmann, fødd i Meløy i Nordland, død i Oslo. Han vart tilsett ved Norsk Folkemuseum i Oslo i 1923, der han vart understyrar og leiar av bygdeavdelinga i 1940. Frå 1961 var han professor II i folkelivsgransking (etnologi) ved Universitetet i Oslo samstundes som han var tilsett ved Norsk Folkemuseum fram til 1967, då han gjekk av ved oppnådd aldersgrense.
Stigum reiste ikring i heile Noreg for å auke samlingane ved Norsk Folkemuseum. Han var særleg oppteke av handverksfag, husflidsteknikkar og eldre jordbruksmetodar som var i ferd med å døy ut. Han var ikkje berre oppteke av sjølve gjenstandane han samla inn, men òg av den kulturelle samanhengen dei stod i og fungerte innanfor. Det var viktig for han å dokumentere på eit forståeleg vis for ettertida korleis gjenstandane vart brukt. Han tok difor fotografi og film til hjelp i tillegg til skriftlege nedteikningar, og vart med det ein pioner i si tid på dette fagfeltet. Med dette arbeidet fekk han eit framifrå godt kjennskap til arbeidslivet og levetilhøva i dei tradisjonelle bygdesamfunna og til laugstilhøva i byane.
Stigum tok fatt i ei lang rad historiske og etnologiske emne frå det norske bondesamfunnet, og gav eit samla oversyn i samlingsverket Norsk kulturhistorie (1938–39), og saman med Kristofer Visted (1873-1949) i verket Vår gamle bondekultur (2 band, 1951–52), med utgangspunkt i Visteds verk Vor gamle Bondekultur frå 1907, 2. utgåva i 1923.
[nn]