Pål Kluften (fødd i Nord-Fron 16. november 1888, død i Ringebu 30. april 1942) var typograf, spelemann, folkemusikk- og folkeminnesamlar, diktar, journalist og arbeidarpolitikar. Han kombinerte sine sosialistiske haldningar med norskdomsstrev, og var blant dei framståande kulturpersonlegdomane som gjorde sitt for å legitimere målsaka i arbeidarrørsla. Hans verksemd var med på å fremje den massive overgangen til nynorsk i Gudbrandsdalen i slutten av 1930-åra. Den tosidige ideologien hans har fått eit representativt lyrisk uttrykk i kvar sine av dei kanskje mest kjende songane hans: «Arbeidarmarsj» og «Dølamarsj».
Kluften er blant mykje anna kjend for å ha teke initiativ til Per Gynt-stemna på Vinstra, og for å ha ivra for å få ein historisk Per Gynt fram i lyset.