H.J. Ridste (fødd i Vestre Slidre) var fotograf i Horten frå 1879 til 1881. Han fotograferte også en del i Holmestrand i desse to åra.
Den 17. april 1879 averterte han at han opna sitt "Fotografiske Etablissement i Hr. Bonnevies forrige Atelier", som han hadde teke over etter Lars With Bonnevie. Han fotograferte så i Horten og Holmestrand ca. to år og overlet i 1881 forretninga til N.T. Aastad. I 1895 vart forretninga overteke av Carl F. Peters og i 1897 av J. Moirée Breilann, som berre dreiv ho eit år.