Andre språk: Vårdal Foto (nynorsk)
Vårdal Foto vart etablert av Sigvald Vårdal (1921-2006) på 1960-talet. Sigvald Vårdal var rekneskapsansvarleg på Helle Fabrikker AS, og fotoverksemda vaks gradvis fram på 1960-talet. Kring 1966-67 vart Vårdal Foto formelt etablert som eige firma og Sigvald Vårdal gjekk av med tidleg pensjon for å jobbe heiltid som fotograf. Annfrid Vårdal, kona til Sigvald Vårdal, hadde også ein viktig rolle i firmaet. I og med at Sigvald Vårdal var fargeblind tok Annfrid Vårdal seg av alt mørkeromsarbeid. Annfrid Vårdal jobba som husstellærar fram til også ho, kring 1970, tok til å jobbe i Vårdal Foto på fulltid. Ekteparet dreiv firmaet i lag fram til det vart lagt ned i 2006. Fotografering på skulane i Askvoll kommune, samt i Bygstad, var ein viktig inntektskilde for firmaet i tillegg til anna portrettfotografering og oppdragsfotografering for private verksemder i kommunen.
Fotoarkivet etter Vårdal Foto vart i 2016 gitt i gåve til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Virkestad:
1966-2006: Holmedal, Askvoll kommune
Konvertert fra Fotografregisteret 2015.04.20
root | 19.03.2024 20:53:34 | |
Elin Østevik (Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane fylkeskommune) | Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane fylkeskommune (Arkiv) | 03.11.2016 15:41:21 |
Ulf Bodin (KulturIT) | KulturIT | 20.04.2015 10:38:22 |
Status | Lagret av | Tidspunkt |
---|---|---|
Publisert | Ulf Bodin (KulturIT) | 20.04.2015 10:38:22 |
Erstatt | Lagret | Lagret av |
---|---|---|
03.11.2016 15:46:21 | 03.11.2016 15:41:21 | Elin Østevik (Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane fylkeskommune) |
03.11.2016 15:46:21 | 03.11.2016 15:46:21 | Elin Østevik (Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane fylkeskommune) |
03.11.2016 15:41:21 | 20.04.2015 10:38:22 | Ulf Bodin (KulturIT) |