GC Rieber er eit firma stifta av Gottlieb Christian Rieber i 1879, i Schrødergården i Bergen. Starta med handel i skinn og eige garveri, for så å gå inn i skoproduksjon og detaljhandel. Seinare ekspanderte bedrifta til blant anna selfangst, ulike ishavsprodukt og fôr. I dag driv firmaet hovudsakleg innan industri, shipping og eigedom. Hovudkontoret ligg i Bergen og adminstrerande direktør er Paul-Christian Rieber.[nn]
Ramstad Eskefabrikk vart grunnlagt på Ramstad i Angedalen i Førde 1949 av Alfred Ramstad. Ramstad Eskefabrikk var lenge den største norskeigde øskjefabrikken og hadde på det meste nærare 50 tilsette. Sonen Arne Ramstad (1955-1998) kom frå ungdomen av med i verksemda og vart adm. dir. i 1979. Då han døydde i 1998, overtok ektemaken Margunn Ramstad den daglege leiinga av fabrikken. I 2009 vart fabrikken seld til eit dansk firma og fekk namnet Schur Pack Norway AS., og året etter vart produksjonen lagt ned.
OBS! KulturNav er ikke fullt støttet av din nettleser. For korrekt funksjonalitet anbefales nyere Chrome, Firefox, Safari eller Internet Explorer 10 eller senere.