Omgrepet geitbåt viser vanlegvis til den tradisjonelle opne og oftast spissgatta ro- og seglbåttypen frå Nordmøre og Romsdalen — og i eldre tid Fosen og området kring Trondheimsfjorden òg. Geitbåten hører typologisk sett med til dei rundstemnde vestlandsbåtane heller enn til dei i nyare tid mykje meir rettstemnde åfjordsbåtane og nordlandsbåtane. Geitbåten skil seg ut frå dei andre tradisjonelle opne båttypane frå Vestlandet og nordover ved den korte og relativt djupe kjølen, den halvplanande skrogforma og den svært langstrakte overgangen frå kjøl til stamn — eigenskapar som gjer denne båten til ein djerv havseglar og god bidevindsseglar.
Det finst tre geografiske typar av geitbåtar:
- Aurgjeldgeita, som i nyare tid hører heime hovudsakleg i Aure, har noko lengre kjøl, noko brattare stamnar, gjerne fast vaterbord, og er oftast rigga med symmetrisk råsegl.
- Søfjordingen har kortare og djupare kjøl, svært lange halsar og utprega runde stamnar med noko flattrykt profil. Søfjordingen er normalt rigga med lårsegl (asymmetrisk råsegl) — eit segl som frå heimdistriktet åt geitbåten og nordover gjerne blir kalla geitbåtsegl.
- Romsdalsgeita er svært lik søfjordsbåten og blir ofte ikkje rekna som typologisk sjølvstendig. Hovudforskjellen er at romsdalsgeita er noko breiare i forhold til lengda og sidare i forma. Slik sett danar romsdalsgeita til dels ei overgangsform til sunnmørsbåten.
Den nyare båttypen lysterfæring, som er ein mykje enklare båttype å byggje og som vart svært populær i distriktet frå tida kring 1900, vil ikkje bli behandla her.